Denne hausten starta det 24. kullet seksåringar i første klasse. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Forskingsteam skal sjå på effektane av seksårsreformen

23 år etter at dei første seksåringane starta på eit tiårig grunnskuleløp, skal Reform 97 for første gong undersøkjast i stor skala.

– Oppdraget vårt er å seie noko om prinsippa og intensjonane med seksårsreformen og den nye læreplanen kan finnast igjen i dagens skulekvardag for dei yngste elevane, siger Elisabeth Bjørnestad, professor ved barnehagelærarutdanninga ved Oslo Met til Vårt Land.

Då tiårig grunnskule vart innført i 1997, vart ein ny læreplan innført. I den heitte det at det beste frå barnehage og skule skulle prege skulekvardagen til elevane i 1. til 4. trinn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette vart ikkje verkeleggjorde, seier forskar Ingeborg Tveter Thoresen ved Universitetet i Sør-Noreg, som saman med Sigurd Aukland har skrive ei ny bok om reforma som heiter «Eldst i barnehagen og yngst i skolen».

Forskarar frå Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar og by- og regionforskingsinstituttet NIBR deltek i prosjektet, som skal gå føre seg fram til 2023.

– Vi skal spesielt undersøkje kva plass leiken har, og kva læringsmiljø elevane blir gitt, seier Bjørnestad

(©NPK)