Bogrønt er fusjonert med Hageland. Ellinor Vereide Støylen og Jan Erik Vereide opnar hagesenteret i byrjinga av april.

Førebur sesongen i ny kjede

Vereide Blomster AS har vore med i hagekjeden Bogrønt i tre sesongar. No er kjeden fusjonert med Hageland, og sesongførebuinga er snart i mål.

– Det blir ein tidleg vår også i år slik som i fjor. Det er ingen tele i jorda, seier Ellinor Vereide Støylen i den tradisjonsrike familiebedrifta Vereide Blomster AS. Mange stader har det for lenge sidan starta å spire i blomsterbeda.

Viktig

Ikkje minst lengtar mange etter å kome i gang i bed og hage. Tidlegare hadde Vereide Blomster sal av plantar, buskar og tre i tilknyting til butikkutsalet på Sandane. Heilt sidan 1937 har ein del av varene vore produserte i eige gartneri på Vereide.

– Med dagens tilgang på varer er det lite produksjon der. Det er både arbeids- og kostnadskrevjande, seier Ellinor Vereide Støylen. For tre år sidan etablerte Vereide Blomster hagesenter i tilknyting til Gloppen Produsentlag sitt anlegg på Austrheim.

– Vi merka at det var eit behov, og vi vart veldig godt mottekne. No er hagesenteret ein viktig del av aktiviteten til Vereide Blomster AS, fortel Ellinor. I desse dagar er ho og broren Jan Erik Vereide i ferd med å sluttføre førebuingane til komande sesong. Det som vart pakka ned etter fjoråret er tilbake, og plantane er komne.

Godt utval

– Vi satsar hovudsakleg på buskar, tre og sommarplantar, gjødsel og jordprodukt, fortel dei. I tillegg vil ein finne vatningsutstyr, potter, krukker og diverse reiskap for hagearbeid, men her er utvalet noko redusert samanlikna med større hageland.

– Vi opnar 8. april og held ope til ut i september. Frå om lag 10. mai til om lag midten av juni vil det vere søndagsope. Då er det spesielt hektisk og gjerne fem-seks personar til stades for å ta seg av trafikken.

– Vi er ei familiebedrift, så det går greitt. Då stiller andre opp dersom det er behov, seier Ellinor. Både ho og Jan Erik ser fram til opninga av hagesenteret og til å treffe både gamle og nye kundar.