Hyller med mjølk på Coop på Skøyen i Oslo. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Forbrukarrådet trur konkurransen i meierimarknaden kan bli dårlegare

Forbrukarrådet trur meieriprodukt kan bli dyrare etter at Landbruksdirektoratet fjerna distribusjonsstøtta til Tines konkurrentar.

Fagdirektør Olav Kasland i Forbrukarrådet seier til NRK at dei trur at mjølk, yoghurt og ost kan bli dyrare, og at utvalet i meierihyllene kan bli dårlegare.

Tidlegare har Q-Meieriene varsla at dei omgåande må setje opp prisen på mjølkeprodukta sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men vi er redde for konkurransen, fordi viss dei ikkje har moglegheit til å konkurrere på pris, er det eit problem, seier Kasland til kanalen.

Kommunikasjonsdirektør Ole Martin Buene i Tine meiner likevel at tida for ordninga med distribusjonsstøtte er forbi, og at Tine kan konkurrere betre på pris og utval ved å få fjerna fordelen til konkurrentane.

Q-Meieriene og Rørosmeieriet har klaga på Landbruksdirektoratets vedtak. Direktoratet kan ikkje kommentere kritikken fordi dei er klageinstans for vedtaket dei sjølv har fatta, skriv NRK. (©NPK)