Det blir truleg færre utanlandske sesongarbeidarar i norske jordbæråkrar i år. Foto: Roland Schgaguler/NTB/NPK.

For tidleg å svare på om utanlandske arbeidarar får innreise

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) vil ikkje gi noko løfte om kor mange utanlandske sesongarbeidarar som får sleppe inn til Noreg denne sesongen.

Nyleg stilte Aps landbrukspolitiske talsperson Nils Kristen Sandtrøen eit skriftleg spørsmål til Bollestad. Han spurde om jordbærplukkarar frå andre land no kan få innreiseløyve.

Bollestad erkjenner i svaret at innstrammingane regjeringa gjorde i januar får konsekvensar for grøntnæringa, melder Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At ein sektor er ført opp på lista over kritiske samfunnsfunksjonar, betyr ikkje at alle tilsette i den aktuelle sektoren er unnatekne frå innreiserestriksjonane. Det blir òg understreka at ufaglært arbeidskraft kan vere enklare å erstatte med innanlands arbeidskraft, noko som kan redusere behovet for unntak frå innreiserestriksjonar, heiter det i svaret frå Bollestad.

I februar vart det kjent at grøntnæringa blir definert som ein samfunnskritisk funksjon. Det kan gi nokre lettar for å få tak i utanlandsk arbeidskraft, men statsråden presiserer at «unntaket for personell i kritiske samfunnsfunksjoner skal praktiseres strengt», og at det skal avgrensast til eit minimum.

(©NPK)