For langt vogntog med dårleg sikra last

Vegvesenet sine folk var på plass på kontrollplassen på Kjøs tysdag kveld.

Ein sjåfør måtte sikre lasta betre. I tillegg var vogntoget for langt, og sjåføren måtte fjerne gjenstandar i siktsona før han kunne forlate kontrollplassen.

To sjåførar hadde ikkje justert underkøyringshinder bak på bilane sine. Desse måtte rette opp i forholdet før dei kunne køyre vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre sjåførar måtte fjerne gjenstandar i siktsona (frontruta).