Gartnerhallen ventar 30 prosent færre norske jordbær i år enn i fjor. Arkivfoto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

For få jordbærplukkarar gir truleg 30 prosent kutt i leveringa

På grunn av manglande arbeidskraft vil ikkje produsentane kunne levere like mykje jordbær som i fjor, trur Garnterhallen.

Organisasjonssjef Arve Gladheim i Gartnerhallen seier til Nationen at dei ventar ein betydeleg nedgang i norske jordbær denne sesongen.

– Per no er det ikkje mogleg å få dekt opp behovet for arbeidskraft i tilstrekkeleg grad, og til dømes for jordbær er vi førebudde på ein reduksjon i storleiksorden cirka 30 prosent samanlikna med 2020-sesongen, skriv Gladheim i ein e-post til Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gartnerhallen er eigd av over 1000 norske grøntprodusentar over heile landet og er Noregs største leverandør av frukt, bær, grønsaker og poteter.

Ifølgje Gladheim har produsentane til Gartnerhallen i stor grad sådd og planta i samsvar med planen.

– Det er framleis knytt stor uvisse til kva redusert tilgang til sesongarbeidskraft vil bety utover i sesongen når spesielt frukt, bær og andre arbeidsintensive produksjonar skal haustast, påpeikar organisasjonssjefen.

(©NPK)