Arild Andersen Trio får med seg meisterpianisten Helge Lien og blir å sjå og høyre på Jazz på Jølst laurdag 15. oktober. Pressefoto.

Flyttar festivalen ein dag fram

– I år kuttar vi ut konserten søndag ettermiddag. Han har ofte vore lite besøkt trass kjempesterke namn. I staden startar vi torsdag kveld, seier leiar i Jølster jazzklubb, Marit Hartvedt.

Om ei god veke startar Jazz på Jølst. Som vanleg står sju konsertar på programmet i løpet av nokre hektiske dagar.

– Vi flyttar heile arrangementet ein dag fram og tjuvstartar torsdag med jølstringen Hilde Marie Holsen i Løa på Jølstraholmen, fortel Marit Hartvedt og legg til at søndagen ikkje er heilt vekke sjølv om konserten søndag ettermiddag er kutta ut:

– Det blir som vanleg jazzinnslag under gudstenesta i Ålhuskyrkja. To elevar frå Firda vidaregåande skule skal spele og synge. Vi samarbeider med kyrkja om dette.

Les meir om Jazz på Jølst i papirutgåva onsdag.