Jan Erik Fløtre. Foto: Vestland Bondelag.

Fløtre attvald som leiar

Jan Erik Fløtre frå Byrkjelo blei fredag attvald som leiar i Vestland Bondelag. 

Vestland Bondelag hadde årsmøte i Bergen 12.-13. mars. 

Sidan laget på eit ekstraordinært årsmøte i desember vedtok å redusere tal styremedlemer frå ni til sju, var heile styret på val i år. 

Jan Erik Fløtre tek til på sitt andre år som leiar i Vestland Bondelag, medan Knut Tore Nes Hjelle er vald til nestleiar i fylkeslaget.

Som nye styremedlemer for to år vart følgjande valde:

  • Knut Tore Nes Hjelle, Eid Bondelag (attval)
  • Ida Kleppe, Stord Bondelag (ny)
  • Kristian Sætre, Vik Bondelag (attval)

Som nye styremedlemer for eitt år vart følgjande valde:

  • Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag (attval)
  • Oddbjørn Bratthole, Vossestrand Bondelag (attval)
  • Geir Støfring, Jølster Bondelag (opprykk frå 1. vara)

Varamedlemer valde for 1 år:

  • 1. vara Katrina Kvåle Hellesnes, Ulvik og Eidfjord Bondelag
  • 2. vara Sigurd Vikesland, Aurland Bondelag
  • 3. vara Maya F. Greve, Radøy Bondelag
Powered by Labrador CMS