Illustrasjonsfoto Nordfjord sjukehus.

Fleirtal vil ha meir pengar til sjukehus

Det helsepolitiske barometeret viser at over 80 prosent av befolkninga meiner det må investerast meir i sjukehusa i Noreg.


Ei undersøking gjennomført av Kantar viser at 84 prosent av befolkninga meiner det bør bli investert meir i sjukehus, skriv Tidsskrift for Den norske legeforening.


– Sjukehusa er blitt pålagt budsjettkutt år etter år. Sjukehusa vert bygde mindre, med færre sengeplassar og behandlingsrom. Talet på helsefagarbeidarar har samla sett gått ned med 34 prosent i sjukehusa på berre ti år. Dei gjer mange viktige kliniske og administrative oppgåver, seier president i Legeforeininga Marit Hermansen.


Christer Mjåset er leiar i Yngre legars foreining, og påpeikar at hovudoppgåva til legane er å kommunisere med og behandle pasientar, ikkje jobbe administrativt.


– Meir støttepersonell og betre IKT-verktøy må til for at legane skal få auka delen av pasientretta arbeid, i tillegg til at fleire legar må bli tilsett, seier han.


Mjåset nemner òg at undersøkinga viser at 88 prosent meiner Noreg må utdanne fleire legespesialistar sjølv, og at det i dag blir importert over 40 prosent av spesialistane frå utlandet.


– Vi er i ferd med å gjere oss avhengige av import av utanlandske spesialistar. Det gjer oss sårbare på sikt. For å sikre kvaliteten på helsetenesta har ein behov for ein føreseieleg situasjon og nok legar som kjenner norske forhold godt, seier han. (©NPK)