Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil vraka skipstunnelen på Stad, men får motstand i Stortinget.

Fleirtal for å halde fram arbeidet med Stad-tunnelen

Eit fleirtal på Stortinget varslar at dei vil støtta eit forslag om at arbeidet med skipstunnelen på Stad skal halda fram, ifølgje BT.

Publisert Sist oppdatert

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kunngjorde fredag at skipstunnelen blir for dyr og at prosjektet blir vraka. Eit historisk løftebrot, meinte Senterpartiet.

I trontaledebatten i Stortinget tysdag fremja partiet forslag om at arbeidet skal halda fram. Venstre og KrF var også med på forslaget.

Ifølgje Bergens Tidende har Framstegspartiet og Høgre stadfesta at dei også vil stilla seg bak, noko som vil sikra fleirtal på Stortinget.

Forslaget lyder slik:

«Stortinget ber regjeringa sørgja for at Kystverket held fram og fullfører forhandlingane med dei utvalde entreprenørane i arbeidet med Stad skipstunnel for å få ein endeleg pris, og dessutan jobba fram kostnadsreduserande tiltak.»

Stortinget skal votera over forslaget etter at trontaledebatten er avslutta tysdag.

Senterpartiets finanspolitiske talsmann Bjørn Arild Gram har overfor NRK stadfesta at skipstunnelen også kan bli tema i dei kommande budsjettforhandlingane mellom Ap og dei fire budsjettpartnarane.

– Eg skal ikkje forskotera alternative statsbudsjett no. Men det er jo kanskje eit signal om at Ap ikkje er like oppteken av utvikling i heile Noreg, seier han. (©NPK)

Powered by Labrador CMS