Ei ny norsk måling viser eit stabilt nei til EU trass den spente verdssituasjonen. Men fleire er usikre.

Fleirtal av nordmenn seier framleis nei til EU

Dersom det vart halde ei ny EU-avstemming i Noreg i morgon, ville halvparten stemt nei. Motstanden er størst blant dei yngste, medan dei eldste vil inn i EU.

Publisert

Kvar tredje spurde (35 prosent) ville stemt ja til norsk EU-medlemskap dersom avstemminga vart halden i morgon, medan 50 prosent seier nei og 16 prosent veit ikkje, ifølgje målinga, som Opinion har gjort for Dagsavisen og Fri fagrørsle.

Målinga viser eit stabilt nei til EU trass den spente verdssituasjonen. Men fleire er usikre.

Blant dei under 30 år seier 59 prosent at dei ville svart nei og 26 prosent ja dersom det var folkeavstemming no. Berre blant dei over 60 år er det eit fleirtal som seier ja. Her seier 45 prosent ja, og 40 prosent seier nei.

I Politisk kvarter måndag opna utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) for ein ny EU-diskusjon: – I så dramatiske tider må vi ha ein open og fordomsfri diskusjon om heile dette forholdet til EU, sa han.

Han meiner USAs press mot europeiske allierte tvingar fram ein breiare samtale om Noregs forhold til EU.

Målinga viser likevel at han ikkje ser ut til å ha med seg den norske befolkninga.

– Sjølv om verdssituasjonen er uroleg og uføreseieleg, har vi ikkje hatt ein ordentleg EU-debatt i Noreg sidan folkeavstemminga i 1994. Vidare veit vi at fleire unge går til Frp, som er eit tydeleg nei-parti. Då er det naturleg å venta at veljarane deira også vil følgja denne haldninga, seier rådgivar Maria Rosness i Opinion til Dagsavisen.

Dei fleste intervjua vart gjorde før helga, då dei nye utspela frå USAs president Donald Trump om auka tollsatsar vart kjend.

Feilmarginen i målinga er på mellom 1,4 og 3,1 prosent. (©NPK)

Powered by Labrador CMS