Posten utvidar no talet på utleveringsstader for pakkar over heile landet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Fleire utleveringsstader for postpakkar

Posten utvidar dei neste åra talet på utleveringsstader av pakkar over heile landet.

– Mengda pakkepost har eksplodert – særleg under korona denne våren og sommaren. Difor byggjer Posten no ut tilboda sine med pakkehenting i alle fylke, seier pressesjef i Posten Noreg, Kenneth Tjønndal Pettersen, til Nationen.

Totalt vil talet på utleveringsstader bli utvida frå 1.600 til rundt 3.500 stader dei neste to åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvidinga omfattar både fleire tilbod med Post i butikk, nye utleveringsstader som til dømes kioskar og bensinstasjonar og ikkje minst utplassering av sjølvbetente digitale pakkeboksar.

Ifølgje avisa kan folk også sjå fram til meir tradisjonell pakkelevering anten i postkassar eller levert på døra.

(©NPK)