Fleire nyttar seg av avdragsfritak på lån
Litt fleire hushald bad om å få utsetje nedbetaling av lån i andre kvartal, ifølgje Noregs Banks utlånsundersøking.
Avdragsfritak inneber å utsetje nedbetalinga av lånet og berre betale renter og kostnader. Også i første kvartal var det fleire som ønskte avdragsfritak, og bankane ventar at auken vil halde fram, ifølgje undersøkinga.
Både bedrifter og hushald held fram med å dempe låneopptaka sine, men ifølgje undersøkinga er endringane små. Litt færre søkjer også om lån til sin første bustad.
Artikkelen held fram under annonsen.
For tredje kvartal ventar bankane at låneetterspurnaden vil halde fram med å falle. (©NPK)