Fleire melde seg ut av Den norske kyrkja

Langt fleire medlemmer melde seg ut av Den norske kyrkja i 2019 enn i 2018, viser nye tal. Kyrkjerådet set utmeldingane i samanheng med kyrkjevalet.


I 2019 melde 19.170 personar seg ut av Den norske kyrkja, medan det vart registrert 3.400 innmelde i tillegg til registrerte døypte, ifølgje medlemsstatistikken frå kyrkja. Tilsvarande tal for 2018 var 11.877 utmelde og 2.096 innmelde.


Kyrkjerådet opplyser i ei pressemelding at dei ser auken i talet på utmelde i samanheng med at medlemmene fekk valkortet til kyrkjevalet i august.


Den norske kyrkja har rundt 3,7 millionar medlemmer. Det utgjer omkring 70 prosent av befolkninga.


(©NPK)