Peder Lofnes Hauge er kjempenøgd med at medlemstalet i Noregs Mållag har auka med over 400 etter kampanjen frå FpU. Foto: Noregs Mållag.

Fleire hundre nye medlemmer i Mållaget etter FpU-stikk

Framstegspartiets ungdom lanserte ein kampanje for valfritt sidemål med plakaten «F**k nynorsk». Over natta fekk Noregs Mållag fleire hundre nye medlemer i ein motreaksjon.

– Vi er leie av at norske elevar må bruke tid på fag som ikkje er relevante for arbeidslivet, sa FpU-leiar Andreas Brännström til NRK om kampanjen for valfritt sidemål, der ungdomspartiet brukte ein plakat med bilete av Ivar Aasen og teksten «F**k nynorsk».

– Hovudpoenget er at vi vil unge skal utdanne seg for framtidas arbeidsliv. Språka er omtrent like. Når mange ikkje les og skriv godt nok, må ein prioritere hovudmålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innmeldingsstorm

Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, var svært kritisk til FpU-kampanjen. Til NRK sa Hauge at han vart oppgitt, og kalla kampanjen skamlaus anti-nynorskpopulisme frå FpU.

– Det å få opplæring i både nynorsk og bokmål i grunnskule og vidaregåande gir ein språkleg fridom til å velje om ein vil bruke nynorsk eller bokmål resten av livet, i staden for ein falsk fridom der ein vel det vekk i tre formative år på vidaregåande, seier han.

Sidan saka blei omtalt hos NRK måndag, har over 400 nye medlemmer meldt seg inn i Mållaget. Hauge meiner dette er eit teikn på at FpU og Frp er i utakt med folk flest.

Vil skape engasjement

Leiar i Vestland FpU, Martine J. Baarholm seier kampanjen har som føremål å skape engasjement og meiner Mållaget heller burde svare på kvifor dei ønsker å tvinge elevane til å lære eit skriftspråk dei ikkje vil få bruk for, enn å hisse seg opp over ordbruken.

– I skuleval blir det brukt spissformuleringar over ein låg sko. Noregs Mållag bidreg til det ved å kalle kampanjen skamlaus og anti-nynorskpopulisme, seier Baarholm til NRK.