Det er seks kvinner og éin mann i aldersgruppa 40–89 år som har søkt om erstatning etter å ha fått vaksinen. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Fleire har søkt erstatning etter koronavaksinasjon

Sju personar har søkt erstatning etter å ha fått koronavaksine i Noreg. Alle sakene gjeld biverknader etter å ha fått vaksinen.

Det er seks kvinner og éin mann i aldersgruppa 40–89 år som har søkt om erstatning.

Det er dei første erstatningskrava etter skadar på grunn av koronavaksinen som er levert inn til Norsk pasientskadeerstatning, skriv NRK.

– Tre av dei er døde, og der søkjer dei etterlatne om erstatning, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad i NPE (Norsk pasientskadeerstatning).

– Søkjarane beskriv biverknader som svimmelheit, hovudverk, smerter, blodpropp og psykisk belastning etter å ha teke koronavaksinen, seier Jørstad.

I tillegg til dei som søkjar erstatning etter skadar på grunn av vaksine, har 83 pårørande etter pasientar som døydde etter koronasmitte på sjukeheim og sjukehus fått erstatning.

(©NPK)