Vått i Orkdal onsdag kveld. Foto: Ole Martin Wold/NTB/NPK.

Ekstremvêret Gyda har starta herjingane sine

Ekstremvêret Gyda har vist musklar over heile landet. Bussar har blåse av vegen, naust vorte tekne av flodbølgjer og skip grunnstøytt.

Valdsame regnmengder, storm, kjempebølgjer, mildvêr og såpeglatte vegar er ingrediensane i kva ekstremvêret Gyda har å by på.

Dei store hendingane hadde ved 19.30-tida onsdag late vente på seg, og kanskje er det «stille før stormen» før det brakar laus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av det som har skjedd, er det ikkje meldt om alvorleg personskade, men ekstremvêret har ført til materielle skadar fleire stader.

Mellom anna vart fleire naust tekne av ei flodbølgje i Modalen natt til onsdag. Flodbølgja vart utløyst av eit ras ned i sjøen, skriv Bergens Tidende.

I tillegg skaper ekstremvêret vanskelege køyreforhold fleire stader i landet. Fleire vegar er stengde og ferjeavgangar innstilte.

Stengt inne

Onsdag kveld blir vegen mellom Eidsdal og Geiranger stengd på grunn av rasfare. Frå før er Langvatn-Geiranger vinterstengt. Dermed er det ingen veg inn eller ut av Geiranger i Stranda kommune opne – men det går ferje til Hellesylt.

Også Oldedalen, Lodalen og Flo er stengt for inn- og utkomst på grunn av rasfare, ifølgje TV 2. Dermed er båt einaste moglegheit til å komme seg inn og ut av dalføra.

I nord vart mellom anna E6 over Saltfjellet stengt på grunn av uvêr, og på E10 Veggfjellet mellom Bjerkvik og Evenes flyplass blåste ein buss av vegen onsdag.

Bilete frå Statens vegvesens webkamera ved Grotli. Riksveg 15 over Strynefjellet er stengt. Fleire fjellovergangar er stengde eller har kolonnekøyring, og også ferjetrafikk er ramma. Foto: Statens vegvesen/NTB/NPK.

– La bilen stå

– Publikum i dei ramma områda bør vurdere ekstra nøye om dei må ut å køyre eller om dei kan la bilen stå, seier Nils Audun Karbø i Statens vegvesen.

Mange fjellovergangar både i Sør- og Nord-Noreg er òg ramma.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til Saltfjellet er mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet i Voss stengd fram til fredag klokka 9. Også riksveg 15 over Strynefjell er stengd, i første omgang fram til torsdag klokka 9.

Vegtrafikksentralen Midt-Noreg fortel på Twitter at Åstfjordbrua på veg mot Hitra og Dolmsundbrua er stengt på grunn av uvêret. Truleg er begge bruene stengde til torsdag morgon.

Statens vegvesen oppdaterer fortløpande trafikkinformasjonen sin på nettsidene sine.

– Ein ekstrem situasjon

For delar av Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke har meteorologane sendt ut raudt farevarsel om flaum, jord-, sørpe- og flaumskredfare.

Det er mellom anna venta opp mot 120 millimeter regn i løpet av eit døgn i Møre og Romsdal og sør i Trøndelag.

– Dette er ein ekstrem situasjon som finst svært sjeldan, som krev tett oppfølging og kan føre til store skadar, understrekar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Utrygt for trampolinar

Ifølgje statsmeteorolog Martin Granerud var det onsdag ettermiddag ingen store endringar i dei rekordmange varsla som er sendt ut, bortsett frå at nokre er forlengde. Det gjeld varsla om sterke vindkast, som vil vare heilt til fredag. Desse kasta går særleg hardt ut over store, lause gjenstandar.

– Ein skulle ikkje tru at folk hadde trampolinane ute om vinteren, men stadig vekk kjem dei flygande, til alle årstider, seier han til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uvanleg mange varslar

Ekstremvêret Gyda fører med seg mildvêr, vind og enormt mykje regn. Det er varsla om at det truleg vil oppstå ei rekkje alvorlege hendingar, som jord-, sørpe- og snøskred.

Regionsjef Knut Aune Hoseth ved NVE Region Nord seier det er sjeldan med så mange farevarsel på ein gong.

– Det er heilt spesielt at det gjeld over heile landet og til og med på Svalbard, seier han til NRK.

Årsaka er at Gyda kjem med svært mykje nedbør og høge temperaturar.

– Det gjer Gyda spesiell, og dette kjem på eit tidspunkt der det er ein god del snø i store delar av landet, seier Hoseth.

(©NPK)