Vi vil helst ta vare på strandsona vår. Illustrasjonsfoto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Fleire er kritiske til utbygging i strandsona

54 prosent meiner at utbygging i strandsona bør reduserast eller stoppast heilt, viser tal frå Ipsos.

– Sjø og kyst er blant dei viktigaste friluftsområda våre, og betyr mykje for folk sin trivsel og helse. Det er eit uttalt nasjonalt mål at strandsona skal vere tilgjengeleg for alle, så det er klart at mange vil hindre at det blir bygt i denne sona, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Trass i at det har vore eit generelt byggjeforbod i strandsona sidan 50-talet er over ein tredel av områda i dag bygde ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)