Den nye statistikken frå Utdanningsdirektoratet har sett på kor stor del av elevane som går rett frå første til andre og frå andre til tredje klasse på vidaregåande skule. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix.

Fleire elevar fortset på vidaregåande og i lære

Fleire går frå eitt trinn til neste i vidaregåande, og ein større del går ut i lære. – Eg gler meg over at færre elevar sluttar, seier kunnskapsministeren.





Den nye statistikken frå Utdanningsdirektoratet har sett på kor stor del av elevane som går rett frå første til andre og frå andre til tredje klasse på vidaregåande skule dei siste fem åra, og dessutan kor mange som har gått rett ut i lære etter to år på yrkesfag.





Delen elevar som går frå Vg2 til Vg3 eller ut i lære, har gått opp frå 81,7 til 86,4 prosent. Denne auken har i hovudsak skjedd innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram.





– Eg gler meg over at færre elevar sluttar, og at delen elevar som går ut i læreplass har auka med over 10 prosentpoeng på fem år. Det viser at mykje går i rett retning, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.





Med eitt unntak kan alle fylke vise til at fleire elevar har gått vidare frå eit trinn til eit anna. På Vg1 er framgangen størst i Troms og Nordland, med ein auke på høvesvis 7 og 6 prosentpoeng dei siste fem åra. I Vestfold har det i same periode vore ein nedgang på to prosentpoeng. Rogaland og Sogn og Fjordane har den høgaste delen elevar som går vidare frå Vg1 på 90 prosent, mens Finnmark har lågast del med 80 prosent. (©NPK)