Det er stadig fleire som ber om hjelp til jul. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Fleire ber om hjelp til jul

Hjelpegrupper får fleire førespurnader om julehjelp enn dei klarer, medan talet på hjelp-til-jul-annonsar på Finn.no er dobla frå i fjor.

I fjor var det 197 familiar som melde seg til å få matkasse til jul, i år er talet oppe i 260, fortel Cecilie Sæther i Hjelpegruppa Ålesund og omland til NRK Møre og Romsdal.

– Det er ikkje lett å seie nei, men vi har ikkje fleire kasser å dele ut, seier Sæther.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finn.no melder òg om ein merkbar auke i talet på annonsar der folk ønskjer eller tilbyr julehjelp. Meir enn 1.700 har bede om hjelp, meir enn dobbelt så mange som i fjor. Fleire enn 3.700 har lagt ut annonse med tilbod om hjelp, ei tredobling frå jula 2020.

– Det er trist å høyre om familiar som ikkje har råd til mat og gåver i jula, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). Ho rosar Sæther og andre som driv frivillige initiativ for å hjelpe andre til jul omkring i landet.

(©NPK)