Bilar ventar på Fjærlandssida. (Foto webkamera Statens vegvesen)

Fjærlandstunnelen opna att

Litt før klokka åtte torsdag morgon melder vegtrafikksentralen at Fjærlandstunnelen er stengt grunna steinnedfall.

Ein entreprenør er venta på staden 08.15 for å vurdere situasjonen og sjå kva som må gjerast.




Kvinna som det har vore leita etter sidan onsdag ettermiddag har vore leita etter ei kvinne i 30-åra etter at ho vart meldt sakna frå heimen i tretida onsdag ettermiddag er funnen. Etter tips fekk politiet kontakt med henne på telefon og ho skal vere i god form.




Tolv førarar fekk forenkla førelegg under ein kontroll UP hadde på E39 forbi Eikås i Jølster onsdag kveld. Høgste fart i 70-sona var 87 km/t. Det var også ruskontroll, men på den var alt i orden.

Sju bilførarar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll på E16 gjennom Bjørkum i Lærdal. Her var høgste fart 114 km/t i 80-sona.

I Sogndal hadde politiet to kontrollar der til saman 40 bilar vart kontrollerte. Det var ikkje utslag på rus, men ein person fekk bilbeltegebyr.