Fire nye smittetilfelle

Det er det siste døgnet registrert fire nye koronasmitta personar i Gloppen kommune, opplyser kommunen i ei pressemelding torsdag.

Tre av dei smitta er nærkontaktar og smitteveg er kjend.

Desse tre har tilknyting til tidlegare smitta ved Nordstranda skule, Gloppen ungdomsskule og Austrheim barnehage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smitteveg for éin person er ukjend.

Det er no til saman 104 personar som er smitta av korona i Gloppen sidan utbrotet starta 22. oktober.