– Innbyggjarane i Gloppen bør ha låg terskel for å teste seg for korona, oppmodar kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen.

Fire nye smittetilfelle laurdag

Fire personar i Gloppen har laurdag testa positivt for korona. Alle er nærkontaktar til dei tre som testa positivt fredag.

Det opplyser kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen laurdag kveld.

Dei smitta er informerte om å identifisere, kontakte og informere alle nye nærkontaktar. I tillegg skal dei sende lister med nærkontaktar til kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil truleg kunne kome fleire smitta i løpet av dei neste dagane. Eg vurderer det ikkje som aktuelt med lokale tiltak, men vi kjem til å følgje utviklinga tett, seier Østerbye Hansen.

Han slår fast at ein må vente smitte med den nasjonale strategien som no er lagd.

– Målet er ikkje å hindre smitte, men å avgrense, slik at folk kan fortsetje å leve så normalt som mogleg, seier han og legg til at det berre bør innførast lokale tiltak viss ein vurderer smittesituasjonen som ute av kontroll:

– Vi er ikkje der, men vi vil oppmode innbyggjarane i Gloppen om å vere ekstra merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg. Ein bør ikkje berre avskrive symptom med vanleg forkjøling.