Hanne Oftedal (f.v.), Olin Henden og Knut Roger Nesdal håpar det blir folkefest og god stemning i Sandane sentrum komande helg.

– Fint å samlast sjølv om vi må halde avstand

4. og 5. september er det for 42. gong klart for Sandanedagane, denne gongen i ein litt lettare versjon enn tidlegare år.

– Grunnstammen under Sandanedagane er god handel, og det håpar vi sjølvsagt på i år òg, seier Olin Henden.

Annleise dagar

Ho og resten av gruppa bak dagane er takknemlege for at dei har klart å halde på tradisjonen, sjølv om unntakstilstanden ein er inne i gjer det meir krevjande enn vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På grunn av krava til smittevern kan vi ikkje ha alle tilboda som folk forventar desse dagane, slik som tivoli, underhaldning frå scena og matteltet. Det blir annleis i år, men vi håpar likevel at dagane kan vere ein samlingsplass, seier Henden.

Mange boder

Buene vil bli spreidde over heile sentrum med litt større avstand enn tidlegare, dette for å overhalde smittevernreglane.

– Førebels er det påmeldt oppunder 20 utstillarar, noko som er normalt ei veke før det brakar laust. Mykje kjem sjølvsagt an på vêret, men eg har tru på at vi skal klare å nå fjorårets tal. Eg har inntrykk av at torgseljarane er litt underernærte på plassar å vere i år, fortel utstillaransvarleg Knut Roger Nesdal.

Samarbeid

Blant aktivitetane finn ein mellom anna ein Instagram-konkurranse, eit butikklotteri og dessertbordet til Gloppen Bygdekvinnelag.

I år er det òg eit samarbeid med Gloppen Musikkfest, som går av stabelen same helga.

– Det er trasig at vi ikkje kan ha noko underhaldning frå scena i år, og akkurat difor er det ekstra kjekt at musikkfesten står for det kulturelle desse dagane, med konsert både på dag- og kveldstid, seier Henden.

– Kan ikkje stoppe opp

Gloppen musikkfest har laga ei kulturløype for born og unge med oppgåver ute i butikkane i sentrum.

– Vi håpar folk synest det er fint å samlast, sjølv om vi må halde avstand. Vi må halde oss til dei rammene som er her og no, det kan hende dei vil gjelde i ei god stund framover. Difor kan vi ikkje stoppe opp og vente på normale tilstandar, det kan bli lenge til dei kjem, seier Hanne Oftedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ønskjer oss mange folk i sentrum, og håpar at folk tek omsyn til kvarandre, seier dei.