Skilt med oppfordring om å bruke munnbind. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

FHI vidarefører tilrådingar om munnbindbruk

FHI har oppdatert kunnskapsgrunnlaget sitt for munnbindbruk. Dei tilrår framleis munnbind der avstand ikkje kan haldast oppe når smitterisikoen tilseier det.

Når det er mykje smitte og ukontrollert spreiing i samfunnet, bør ein vurdere bruk av munnbind, meiner Folkehelseinstituttet.

Dei peikar på at det i slike situasjonar er sannsynleg at fordelane er større enn ulempene, sjølv om det er uvisse rundt kor stor effekt tiltaket har.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilråding bør vere retta mot situasjonar der det ikkje er mogleg å halde avstand, særleg innandørs, og situasjonar der smittesporing ikkje er mogleg. Andre tiltak bør vere prøvd før munnbind blir tilrådd, seier overlege Didrik Frimann Vestrheim i Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.

(©NPK)