Helse- og omsorgsminister Bent Høie meiner systemet vil føre til at det raskare kan takast grep i fleire kommunar samtidig. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

FHI skal risikovurdere fylka kvar veke

Folkehelseinstituttet (FHI) vil frå 16. desember leggje fram vekevise risikovurderingar der fylka i landet blir vurderte ut ifrå fem nivå.

– I Noreg har vi gode erfaringar med at kommunane tek kontroll over lokale utbrot, men koronaviruset respekterer ikkje kommunegrenser. No vidareutviklar vi dagens system og dagens beredskapsplan slik at vi kan ta raskare grep i fleire kommunar samtidig når det er nødvendig, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Til alle dei fem nivåa vil det bli foreslått eit sett med tiltak som kan takast i bruk, men risikovurderingane og tiltakspakkane vil vere fleksible og skal tilpassast lokale og regionale utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)