Alle vaksne nordmenn vil ha fått tilbod om å ta vaksine mot covid-19 innan august er omme, anslår FHI. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

FHI reknar med at alle har fått tilbod om vaksine i august

Sjølv utan Janssen-vaksinen med i utrekninga, meiner no FHI at alle nordmenn skal ha fått tilbod om koronavaksine innan august er omme.

– Viss vi berre tek omsyn til Moderna og Pfizer, reknar vi med at den siste gruppa 18–45 vil få tilbod om første dose innan august månad, seier smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) til VG.

Det er nyleg inngått avtalar med Pfizer om ytterlegare vaksineleveransar. Noreg får to millionar ekstra dosar i løpet av sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå mai til august får Noreg totalt ein stad mellom 4,7 og 5,3 millionar dosar av vaksinen frå Pfizer/Biontech. Berre i løpet av neste månad er det venta 1,1 millionar dosar.

(©NPK)

Arkivfoto: Heiko Junge/NTB/NPK.