Folkehelseinstituttet har gått gjennom ei rekkje studiar som tar for seg etterverknader av covid-19. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

FHI: Mange koronapasientar slit med langvarige helseplager

Mange pasientar som vart alvorleg koronasjuke, hadde framleis symptom eit halvt år seinare. Vanlegast er tung pust, trøyttleik og nedsett smaks- og luktesans.

Det viser ein gjennomgang Folkehelseinstituttet har gjort av 43 vitskaplege artiklar som tek for seg seinskadar.

Det er særleg pasientar som har vore innlagde på sjukehus som rapporterer vedvarande symptom lenge etter infeksjon, går det fram av oversikta. Ein stor del av desse pasientane opplever framleis symptom ved oppfølging etter seks månader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Studiane blir fordelte på oppfølging etter ein til tre månader, tre til seks månader og meir enn seks månader.

Meir alvorleg sjukdom gir auka risiko

Mange pasientar som vart undersøkte etter seks månader, hadde framleis minst eitt symptom. Vanlegast var tungpust (dyspné), trøyttleik og nedsett lukte- og smakssans.

Funna tyder òg på at meir alvorleg sjukdom er forbunde med auka risiko for langvarige symptom. Éin studie fann òg at desse pasientane hadde auka bruk av helsetenester etterpå.

Folkehelseinstituttet understrekar at studiane har ulik tilnærming. Dei nyttar ulike metodar og prosedyrar og har ulike tema, og det manglar kontrollgrupper.

– Utan kontrollgrupper er det vanskeleg å avgjere om dei vedvarande symptoma er spesifikke for covid-19 eller meir generelt kan tilskrivast ein sjukdomsperiode, skriv Folkehelseinstituttet i oppsummeringa.

Vanskeleg å skilje ut effekt

Studiane var òg prega av høgt fråfall og ved at ein del av deltakarane hugsa dårleg kva dei hadde gitt av opplysningar tidlegare.

På same måte kan avgrensingar knytt til pandemien generelt – som avgrensingar i personleg fridom, nedstenging og livsstilsendring – påverke rapporteringa av nokre av symptoma, blir det peika på.

– Dei langvarige effektane av covid-19 og den langvarige effekten av pandemisituasjonen kan vere vanskeleg å skilje ut i ukontrollerte studiar, skriv FHI.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)