Smitteverndirektør i FHI Geir Bukholm er bekymra for ei koronabølgje i vinter. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

FHI er bekymra for vinterbølgje

Det kan komme ei koronabølgje i vinter. Dersom ho treffer samtidig med influensabølgja, kan det bli anstrengjande for sjukehusa, meiner FHI.

Det er sannsynleg at toppen av koronabølgja kjem samtidig med influensabølgja, seier smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) til VG.

Smitten i seg sjølv er ikkje problemet sidan så mange er vaksinerte mot korona. Utfordringa er belastninga dette kan skape på sjukehusa dersom korona, influensa og RS-virus skjer samtidig.

Artikkelen held fram under annonsen.

FHI trur virus spreier seg raskare på vinterstid både fordi folk er meir saman innandørs, men òg fordi viruset har betre kår når lufta er kald og tørr.

– Vi får ein sesongeffekt. Kor kraftig han blir, veit vi ikkje, men han kjem når det byrjar å bli kaldt. Mest sannsynleg i desember og januar, seier Bukholm.

Han seier at dei håpar at det ikkje blir nødvendig med tiltak i vinter.

– Men det som er viktig, er at helsetenesta er førebudd og har teke forholdsreglar.

(©NPK)