FHI sender ikkje e-post frå adresser som sluttar på @gmail.com, @hotmail.com eller liknande opne e-posttenester, opplyser dei.

FHI åtvarar om svindel-e-post

FHI åtvarar om ein aktør som gir seg ut for å vera FHI i ein e-post der dei ber mottakarane om å leggja inn informasjon om helsestatus.

Publisert

Overskrifta i e-posten er: «Pålegg: Komplettering av helseopplysninger». I e-posten blir mottakarane bedne om å «gå til din personlige portal» for å registrera noverande helsestatus.

Folkehelseinstituttet (FHI) opplyser at dei ikkje kjenner avsendaren, og dei ber befolkninga om å vera varsame med å nytta tenesta og leggja inn private helsedata.

– Instituttet har ikkje ein personleg portal som samlar inn helseopplysningar frå innbyggjarane. Folkehelseinstituttet vil aldri be om kredittkortinformasjon eller kontonummer via SMS eller e-post, opplyser FHI i ei pressemelding.

Når du får ein e-post, bør du sjekka at avsendaren faktisk er Folkehelseinstituttet. E-postadressa til avsendaren skal som hovudregel ha «fhi» i det som står etter alfakrøllen (@), til dømes info@fhi.no. (©NPK)

Powered by Labrador CMS