MANGE KANSELLERINGAR: Sambandet Våge-Halhjem er eit av fleire ferjesamband der reisande den siste tida har opplevd at avgangar vert kansellerte. Foto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune.

Ferjene skal gå til oppsette tider

– Fylkeskommunen har inngått avtalar med operatørane som skal sikre at ferjene skal gå til oppsette tider. Når det no ikkje skjer, skal dette ikkje gå ut over dei reisande, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.

Fylkesutvalet hadde sak opp til behandling i møtet 6. mars og det var stort engasjement blant politikarane. Sjøfartsdirektoratet har sidan 2023 stramma inn på dispensasjonspraksis knytt til reglane om kviletid for tilsette på ferjene. Konsekvensane er allereie merkbare for dei reisande, og endra skiftordningar har gjeve store utfordringar for drifta på mange samband i Vestland fylke, med kansellerte avgangar på kort varsel. Fylkesordførar Jon Askeland var tydeleg på at slik det er no kan ikkje alle dei reisande ha det.

– Reiarlaga skal levere på inngåtte avtalar. Fylkeskommunen har i sine avtalar klare krav om at ferjene skal gå. Strengare dispensasjonspraksis har vore kjend for reiarlaga og vi forventar at ferjeoperatørane dimensjonerer ut frå desse krava når dei leverer tilbod til oss, og ikkje tek sjansen på dispensasjonar slik praksis gjerne har vore. Det same gjeld om arbeidstidsavtalar er endra.

Artikkelen held fram under annonsen.

STORT ENGASJEMENT: Talelista var lang då Fylkesutvalet diskuterte utfordringane med kansellerte ferjeavgangar i fylket grunnar endra praksis hos Sjøfartsdirektoratet knytt til regelverket om kviletid. På biletet er det Kåre Martin Kleppe (H) som har ordet. Foto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune.

Helseføretaka må ta kostnadane med beredskapsoppdrag

Fylkesutvalet diskuterte også ordninga med beredskapssamband.

– Vi meiner at kostnadane knytt til beredskapsoppdrag må ligge til helseføretaka. Vi har meldt frå om dette tidlegare, men ventar framleis på at dette ansvaret blir tatt av dei som faktisk eig det. Vedtaket i dag blir difor som eit prosessvedtak, der vi raskt vil følgje opp mot aktuelle departement for å få fortgang i saken.

Fylkesutvalet endra i innstillinga til saka, og vedtok samrøystes følgjande:

Fylkesutvalet understrekar at rutetilbodet skal vera i samsvar med inngåtte avtalar. Eventuelle endringar i rutetilbodet må konsekvensutgreiast. Det skal vera dialog med relevante kommunar og brukargrupper. Før eventuelle endringar vert sett i verk skal dette handsamast politisk.

Fylkesutvalet ser ikkje at ein kan terminera ordninga med beredskapssamband, før det er avklart frå samferdselsdepartementet kven som har ansvaret for å dekka meirkostnadane med dette.

Alle kostnadar knytt til beredskapsoppdrag skal sendast til helseføretaket, og krevjast inn om samferdselsdepartementet lander på at dette er ein kostnad helseføretaka må ta.

Fylkesutvalget ber ordførar og administrasjonen om å gå i dialog med Sjøfartsdirektoratet, Næringsdepartement og Samferdselsdepartementet for å få løyst opp i utfordringene som er vist til i saka.

Forståing for krav

Det har tidlegare vore vanleg at ferjeoperatørane har fått dispensasjon frå kviletidsreglane for å få til attraktive skiftordningar slik at det rutetilbodet som Skyss har bestilt kan gjennomførast. I løpet av 2023 har ferjeoperatørane for fylkessambanda i Vestland i aukande grad meldt tilbake til Skyss om at Sjøfartsdirektoratet har stramma inn på praksis med omsyn til dispensasjonar på kviletid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Riksrevisjonen offentleggjorde 13.04.2023 Dokument 3:9 (2022–2023) Sjøfartsdirektoratets arbeid med å fremme gode arbeids- og levevilkår for å forebygge ulykker til sjøs. Riksrevisjonen konkluderte i rapporten at Sjøfartsdirektoratet si tilsynsverksemd ikkje var tilstrekkeleg til å avdekke dårlege arbeids- og levevilkår.

Dette er bakgrunnen for at Sjøfartsdirektoratet har stramma inn praksis med omsyn til dispensasjonar på kviletid. Dei vil at dei tilsette skal vere utkvilt og at ikkje dispensasjonar frå kviletida kan føre til situasjonar om bord som kan gå ut over tryggleiken om bord.

–Vi har sjølvsagd full forståing for dette kravet frå Sjøfartsdirektoratet. Vi skal ha eit velorganisert arbeidsliv til sjøs, men riktig dimensjonering av tilsette knytt til turnus og reglar sett av Sjøfartsdirektoratet ligg til reiarlaga og skal ikkje gå ut over våre reisande, seier fylkesordførar Jon Askeland.