Fleire nye smittetilfelle

Oppdaterte tal fredag.

Det er registrert fem nye personar som har testa positivt for korona i Gloppen sidan tysdag 11. januar.

Det melder kommunen fredag ettermiddag.

Tre er nærkontaktar til tidlegare smitta.

To personar har ukjend smitteveg.

Aktuelle nærkontaktar er varsla og vert følgde opp i tråd med nasjonale retningslinjer.