Fem fekk køyreforbod

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på Kjøs måndag.

To vogntog betalte feil vektårsavgift, det vert sendt rapport til skatteetaten på forholda.

Eit køyretøy fekk bruksforbod, det mangla leigeavtale frå leasingselskapet til transportør. Køyretøyet måtte stå til forholdet var avklara.

Artikkelen held fram under annonsen.

To førarar måtte rydde siktsona før vidare køyring.

Ein førar måtte smørje svingskiva før han fekk forlate kontrollplassen.

Ein spesialtransport var ikkje merkt rett og måtte få på plass riktig merking. Førar måtte òg sikre lasta betre før vidare køyring.

Det vart skrive ut to mangellappar på tekniske forhold. Lause boltar i svingkransen og sprekkar i frontrute.