Illustrasjonsfoto.

Fem bøter på Helgheim

Fire sjåførar fekk bot for høg fart under ein kontroll utrykkingspolitiet har hatt kontroll på Helgheim onsdag melder politiet på Twitter.

Høgste hastighet var målt til 100 km/t. I tillegg fekk ein sjåfør bot for ureglementert mobilbruk i bilen.

I Selje etterlyser dei ein liten kvit hund Bichon:




Tidlegare onsdag hadde UP ruskontroll på E39 ved Helgheim i Jølster. Alle dei 126 førarane som vart kontrollerte kom frå det utan utslag.

Statens Vegvesen måtte melde ein bilførar for 17 ulike brot på køyre- og kviletid etter ein tungtransportkontroll dei hadde tysdag føremiddag.

Alle brota skal ha vore gjort i løpet av 28 dagar. Føraren hadde prøvd å skjule brota ved å ikkje sette sjåførkortet i skrivaren i bilen.

I tillegg vart eit firma ilagt gebyr for manglande bombrikke i den kontrollerte bilen.

I går ettermiddag var det tungtransportkontroll på Folven. Her måtte ein norsk sjåfør meld og måtte parkere bilen fordi førarkortet ikkje var gyldig lenger. I tillegg vart han meld for å køyre utan sjåførkort i fartsskrivaren.

Ein annan norsk sjåfør hadde også køyrt for lenge, men han vart ikkje meld. I staden fekk han pålegg om å gjennomføre ei døgnkvild før han køyrde vidare.

I tillegg fek ein sjåfør fekk skrifteleg mangel for ein sprekk i frontrute, og ein sjåfør måtte sikre lasta si betre før han fekk halde fram turen.

Politiet
Politiet på si side kan melde om to hjortepåkøyrslar i løpet av natta. Ein i Bygstad og ein på Solheim i Norddalsfjorden. I begge tilfelle har viltnemnda overteke saka.