Farevarsel for snøskred på Vestlandet

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for snøskred for store delar av Vestlandet onsdag.

På Sunnmøre og Romsdal er det liten eller moderat snøskredfare, medan faren på Vestlandet og i Langfjella blir karakterisert som stort. I desse områda er det sendt ut oransje farevarsel, som er faregrad 3.

Det skriv Meteorologene på X, tidlegare Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er nedbør i desse områda som fører til snøskredfaren. Meteorologane ber folk unngå skredterreng og halde seg oppdaterte på varsom.no. (©NPK)