Farevarsel for snø over 500 meter i Sør-Noreg onsdag

Det er sendt ut gult farevarsel for snø over 500 meter i fjellet i Sør-Noreg frå onsdag ettermiddag.

Meteorologisk institutt varslar snø over 500 meter i fjellet i Sør-Noreg onsdag ettermiddag. I løpet av kvelden og natt til torsdag aukar snøgrensa til over 1600 meter, først i sørvest.

Også i Nord-Noreg er det gult farevarsel, med lokalt vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Nordland og Troms på grunn av sludd- og snøbyer. Snøgrensa blir venta å krype nedover frå 400–700 meter tysdag, til 200–400 meter onsdag.

(©NPK)