Fann ikkje igjen bilen

Laurdag opplevde ein bileigar at bilen, som stod parkert på plassen utanfor Coop Extra, var vekke.

Eigaren ringde politiet samtidig som han gjekk ei runde for å sjå etter køyretøyet. Det vart funne etter kort tid utanfor Sparebanken. Bileigaren hadde lagt nøkkelen i setet. Han ringde straks politiet og kansellerte meldinga om den stolne bilen. I ettertid ser han ikkje vekk frå at nokon kan ha teke feil bil i farten.

Sint ung mann i sentrum
Klokka halv fire søndags morgon fekk politiet melding om ein høglytt, sint ung mann i 20-åra i Sandane sentrum. Patruljen fekk ”snakka mannen ” inn i politibilen og køyrde vedkomande heim.

Rauk i hop
I fire tida søndag morgon rauk to karar i hop i Førde sentrum ved ein bensinstasjon. Begge vart påførte mindre skadar, og politiet har oppretta sak.
Også i Øvre Årdal og i Måløy måtte politiet ta hand om overstadig rusa personar, går det fram av politiet sine meldingar på Twitter.

Køyrde i autovernet
Laurdag kveld køyrde ei jente i slutten av tenåra inn i autovernet på strekninga mellom Måløy og Raudeberg Naudetatane rykte ut, og jenta vart teken med til legesjekk. Det er ikkje mistanke om promille. Jenta var åleine i bilen.

UP-kontroll i Førde
UP gjennomførde laurdag ein større kontroll i Førde. 339 køyretøy vart stogga og kontrollerte. Fem fekk gebyr for ikkje å ha med førarkort, og to bilførarar vart melde for ikkje å ha rett til å køyre bil i det heile