Illustrasjonsfoto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Færre ulvar i Skandinavia

Trass i at det aldri før i moderne tid er registrert så mange ulvar i Noreg som i vinter, går den skandinaviske bestanden ned.


Dei siste tre åra er det registrert 16 prosent færre ulveflokkar i Skandinavia, og også talet  ulvar går ned, viser sluttrapporten frå registreringa av ulv i Noreg og Sverige i vinter, som norske Rovdata og svenske Viltskadesenter har levert til Miljødirektoratet og Naturvårdsverket.


– Frå vinteren 2014-2015, då bestanden var størst, til i vinter har talet på registrerte familiegrupper i Skandinavia sokke frå 49 til 41 og talet på ulvar gått ned frå 460 til 410 individ, seier Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.


Fallet i den skandinaviske bestanden skjer i Sverige, der talet på registrerte familiegrupper er redusert med 30 prosent, frå 43,5 familiegrupper i 2014 til 30,5 familiegrupper i 2017. Talet på påviste kvalpekull i heilsvenske revir i 2017 er det lågaste talet på som er registrert i Sverige på fem år.


I same periode har den norske delbestanden auka frå 5,5 til 10,5 familiegrupper, noko som nesten er ei dobling av den norske delbestanden i perioden.


Noreg og Sverige har ein felles bestand av ulv og arten blir registrert med like metodar i begge land kvar vinter, hovudsakleg frå 1. oktober til 31. mars. (©NPK)