Dei siste ti åra er det blitt langt færre russebussar og russebilar på vegane Foto: Kyrre Lien/NTB scanpix/NPK.

Færre russebilar på vegane

Tal frå forsikringsselskapet If viser at talet på russebussar og -bilar har vorte halvert dei siste ti åra, skriv NRK.


Både økonomi, karakterfokus og mangel på tilgjengelege russebilar kan vere grunnen til dette.


– Det kostar mykje pengar og tek tid med dugnadar og planlegging, seier Josefia Longva Danielsen som er russ ved Fagerlia vidaregåande.


Iselin Andresen Olafsen er PR-ansvarleg for Russens hovudstyre i Oslo og Akershus seier at dei opplever at fleire organiserer seg i vandregrupper, og kan òg bekrefte at det er færre russebussar tilgjengeleg.


Informasjonssjef i If forsikring, Sigmund Clementz, nemner også mangel på russebilar som ei årsak.


– Mange russebussar blir «pensjonert» fordi dei er for gamle. Det er også vanskeleg å skaffe nye bussar, for dei støttar ikkje krava som russen har sjølv, seier han. (©NPK)