9.159 personar er tekne for mobilbruk bak rattet hittil i år. Foto: Erik Johansen/NTB.

Færre blir tekne med mobilen bak rattet

9.159 personar er hittil i år tekne for mobilbruk bak rattet, ifølgje tal frå Utrykkingspolitiet. Det er ein nedgang på 20 prosent frå same periode i fjor.

Politidistrikta Oslo, Søraust og Finnmark skil seg ut med ein auke frå i fjor. Den generelle trenden i dei andre politidistrikta er at tala går ned.

1.201 personar som er tekne i år, er under 25 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er svært urovekkjande at så mange framleis bruker mobilen bak rattet, men vi er fornøgde med reduksjon fleire stader. Likevel fryktar vi store mørketal, sidan mange framleis har vanskeleg for å la mobilen liggje, seier Liv Marie Bendheim frå Ung i trafikken.

Mobilbruk i bil blir no straffa med ei bot på 7.450 kroner og tre prikkar på førarkortet.

(©NPK)