Kari Elisabeth Kaski (SV) meiner Dagbladet si meiningsmåling slår beina under Høgre sin strategi. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Få veljarar vil ha lågare skatt for dei rikaste

Det er svært få nordmenn som ønskjer skattekutt for dei rikaste, ifølgje ei ny meiningsmåling. Mange meiner dei bør betale meir skatt.

39 prosent meiner den rikaste i landet bør betale litt meir skatt, medan 25 prosent meiner dei bør betale mykje meir, skriv Børsen/Dagbladet.

Totalt er det berre 4 prosent av dei spurde som meiner at dei rikaste skal betale mindre skatt, ifølgje undersøkinga som Ipsos har gjennomført for avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette gjeld òg svært få av dei som stemmer Høgre. Ifølgje avisa svarer berre 5 prosent av veljarane til partiet at dei ønskjer lågare skatt for dei rikaste. Totalt har 949 personar vorte spurde i undersøkinga.

– Dette slår beina fullstendig under Høgre sin valkampstrategi, seier finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski i SV.

– Slik spørsmålet er stilt, er ikkje svara særleg overraskande. Når ein stiller lada spørsmål får ein sjølvsagt slike utslag, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

(©NPK)