Marthea Felde frå Breimsbygda vann klasse J 11-12 år og får premie av Even Hole

Even Hole cup vel i hamn også i år

Sidan 1986 har det etter kvart legendariske rennet vore arrangert på Utvikfjellet Skjærtorsdag. I fjor vart det avlyst grunna snømangel, men i år klaffa det med både snø og vêr.


Om lag 115 deltakarar, frå dei aller minste til dei godt vaksne, var samla til storslalom i rennet som samla deltakarar frå alpinklubbane i fylket, i tillegg til nokre frå Oslo, Drammen og Volda.
Dei største troppane kom frå arrangørklubben BBIL, Jølster, Førde og Haugen. Vi noterte at våre lokale håp frå BBIL og Jølster gjorde det godt og det er tydeleg at det blir jobba godt i begge klubbane.
Vilde Årdal frå Jølster vart raskaste kvinne, medan Eirik Bergheim Hole frå Førde var raskast av herrane.

Vi kjem tilbake med meir om Even Hole Cup i papiravisa onsdag etter påske.

Sigbjørn Nordal, Jølster på veg ned i 2. omgang.