Slettebakken kyrkje i Bergen er eit listeført kulturminne. Foto: Diego Delso.

Etterlyser bilete av kulturarven vår

I heile september kan fotografar på alle nivå og aldrar sende inn bilete frå Noreg og Sápmi til fotokonkurransen Kulturarv 2023.

Tidlegare har konkurransen vore avgrensa til fysiske kulturminne og -miljø, men i år er det også mogleg å sende inn bilete av den levande kulturarven.

– Dei fysiske kulturminna kan vere svært tydelege og merkbare, som ei kyrkje eller eit anna bygg, eller meir skjulte, som arkeologiske spor etter busetnad eller jakt, fortel Sigrun Espe, som er jurymedlem i konkurransen, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brodering av bunad frå Vest-Telemark. Foto: Konkurransedeltakar med brukarnamn VALive.

– Men så har vi også alt det andre som har prega samfunnet, som ikkje set fysiske spor på same måte. Vi har til dømes musikken, forteljingane, leikane og mattradisjonane som blir overførte frå generasjon til generasjon.

Konkurransen er eit samarbeid mellom Wikimedia Noreg, Kulturdirektoratet og Kulturvernforbundet. Saman feirar dei at det er 20 år sidan den internasjonale Unesco-konvensjonen om vern av levande kulturarv vart ratifisert. Levande kulturarv er handlingsboren kunnskap, i tillegg til tradisjonar og praksisar som blir overført mellom menneske og generasjonar. (©NPK)