Pia Kristiansen (f.v.), Silje Flølo, og Maria Aabrekk er tre av mange mødrer som gjerne skulle ha teke med babyane sine på symjing i Trivselsbadet. Babyane heiter Emilian, Elias og Lilly.

Etterlyser babysymjinga

– Det er dumt at vi må reise til Førde for å vere med på babysymjing når vi har eit så flott anlegg i Gloppen, seier Silje Flølo, Pia Kristiansen og Maria Aabrekk.

Fleire småbarnsmødre er frustrerte over at babysymjinga i Trivselsbadet ikkje ser ut til å kome i gang denne sesongen.

– Går ut over ungane

– Vi treng berre éin badevakt éin time i veka. Det må vere råd å få til. Mangel på dette tilbodet går først og fremst ut over ungane, seier dei tre småbarnsmødrene og fortel at det ikkje berre er nokre få som saknar tilbodet om eigen badetime for dei med dei minste ungane:

– Vi har ei Facebook-gruppe med 43 medlemer som ønskjer babysymjinga tilbake. Alle stiller sjølvsagt ikkje kvar gong, men dette er eit viktig tilbod. Det er viktig at borna blir trygge i vatn, og symjing er veldig bra for motorikk og balanse. Badinga bidreg òg til å utvikle eit godt samspel mellom forelder og barn, og det er til hjelp for mor i opptreninga etter fødsel, seier Silje Flølo.

Les heile saka i papirutgåva måndag.