Etterforskar seksuallovbrot

Politiet etterforskar eit seksuallovbrot som skal ha skjedd i Førde sentrum natt til skjærtorsdag 6. april.

Ei kvinne i slutten av 20-åra har status som fornærma i saka.

Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet sperra av eit mindre område ved Venezia restaurant og gjennomførte fredag åstadsundersøking med kriminalteknikarar og hundepatrulje. Av omsyn til etterforskinga kan ikkje politiet på noverande tidspunkt kommentere resultatet av undersøkingane, heiter det i pressemldinga.

Politiet ønskjer i samband med saka å kome i kontakt med vitne som i løpet av natt til torsdag 6. april har sett noe som kan vere av interesse for politiet.

– Det er av særleg interesse for politiet å kome i kontakt med eit par som skal ha vore i kontakt med fornærma i saka.

Vitne eller andre som har informasjon som kan vere av interesse blir bedne om å ta kontakt på telefon 476 96 060.