Arnar Kvernevik.

Etter folkeavstemminga

Lesarinnlegg av Arnar Kvernevik, leiar i Gloppen Ap.

Elvane møtest, frå kvar sitt fjell.
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod.
Held fram einige, sterkare,
snåvar ikkje so lett i steinane:
Turrskodd skal ingen vassa oss no!

Visjonen som låg i prosjektet «Gloppen pluss Eid» vert for min del perfekt oppsummert i diktet «Elvane møtest» av Olav H Hauge. Dei to «elvane» Gloppen og Eid skulle samlast i eit felles løp, einige og sterkare. Slik skulle det ikkje bli.
For framtida er det dei to «Ja» og «Nei» elvane i Gloppen som må gripe kvarandre i hendene og samlast i eit felles løp til beste for Gloppen, for mine og dine born og deira etterkomarar.

Eg har fått pepar for mitt utspel om at konsekvensen av ”Nei til Eid” var ”Nei til bru”. Eg står for den påstanden, det tydeleggjorde eg i min argumentasjon i heile perioden fram til folkeavstemminga. Spørsmålet om korleis ein skulle vinne kampen om bru var eit av dei avgjerande momenta i min innsats for at vi skulle seie ”Ja til Eid”! Å seie noko anna no ville være å halde folk for narr. At Svein Ottar Sandal har eit anna syn er ikkje overraskande for meg, han er trass alt pliktig å målbære slikt syn gjennom vervet sitt som nestleiar i bruselskapet.

Eg innrømmer at eg har vore litt bitter og tungsindig i nokre dagar, men det gode humøret og stå på viljen vil, om ikkje så lenge, vende tilbake.

Humøret trengs, for oppgåvene står i kø; Vi skal planlegge og bygge for ei stadig eldre befolkning i Gloppen. Frå 2017 får Gloppen ansvar for strakstiltak for rus og psykiatri, eit ansvar som vi dessverre ikkje er førebudde på. Vi skal investere store beløp i Hyen skule, Nordstranda skule og på Sandane skule. Ny brannstasjon skal byggast på Faleideflata, mange kommunale vegar har etterslep og treng omfattande vedlikehald, grusvegar som har venta i mange år skal asfalterast.

Barnehagekapasiteten må utvidast, fleire bustadfelt skal regulerast og klargjerast. Det skal leggas betre til rette for industri og næring m.m. I tillegg er det satt i gang mange kreative prosjekt som ikkje er nedfelt i planverket og i mange tilfelle heller ikkje er dekka i vedtekne budsjett. På toppen av dette har rådmannen i sitt 0-alternativ peika på at administrasjonen manglar sakshandsamingskapasitet og at kommunen ikkje har reservekompetanse på leiarnivå og er svært sårbare ved sjukdom og anna fråfall. Det er altså eit stort behov for nye stillingar på Heradshuset.
Snart byrjar budsjettarbeidet for 2017 og eg spår at det vert utfordrande å sy i hop. Dei tiltaka som kommunen må sette i verk for å ha ein sunn økonomi vil kanskje råke nokre av dei oppgåvene som vi har prioritert høgt. Første tiltak for å svare på utfordringane er å auke satsen for eigedomsskatt til maksimalt nivå, gjeldande for 2017. I fylgje rådmannen kan det og bli nødvendig å vurdere sal av SFE-aksjane. Verknaden av å svekke tilknyting til ei av dei viktigaste hjørnesteinsbedriftene i kommunen vår, kan bli dyrt i lengda.

Så har vi dei andre viktige sakene som ikkje gjeld dei kommunale tenestene; Fylkesvei 615, flyplassen, Firda vidaregåande og E39.

Planarbeidet for E39 i ny trasè, kanskje den mest omfattande plan- og byggesaka i Gloppen nokon sinne, med potensielt enorme konsekvensar for lokalsamfunnet Byrkjelo, men og med positive muligheiter, både for kommunen og lokalsamfunnet, dersom vi når fram med krava våre når det gjeld trasè og planleggingsprinsipp med fornuftige tekniske løysingar.

Bygging av ny E39-trase Byrkjelo-Grodås er ikkje inne i NTP i denne perioden, sannsynlegvis heller ikkje i neste NTP. Dette betyr, etter mi meining, at E39 fortsatt vil gå via Anda i alle tilfelle i 20 kanskje 30 år til. Med 20 min avganger og ei elektrisk og ei lågutsleppferge i drift frå 2018 er kanskje livet ikkje så kjipt likevel?

Med dette bakteppet er det viktig å arbeide for å gjere dagens E39 så god som mogeleg; heile strekninga Byrkjelo-Sandane må krevjast utbetra snarast mogeleg. For å få utbetring inn i nasjonalbudsjettet for 2017 eller 2018 må alle parti i Gloppen, i fellesskap, arbeide inn mot sine respektive parti; særleg mot fylkespartia, transportkomiteen og Stortingsgruppene.

Av desse grunnane er det svært viktig at vi slutter fred så raskt som mogeleg og konsentrerer oss om våre felles interesser.