– Er bekymra for brannfaren

– Vi vurderer totalforbod mot å gjere opp eld utandørs, seier brannsjef i Gloppen kommune, Runar Kleppe.

Det flotte og varme vêret har gjort at det no er svært tørt mange stader.

Både på Nordfjordeid og på Stadlandet har det vore brannar i terrenget den siste veka, og no fryktar brannsjefen at det same skal skje i Gloppen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle må vere medvitne til at dei har eit ansvar. Eit glasskar kan vere nok til å starte ein brann, seier Kleppe og minner om det generelle forbodet mot å gjere opp eld i utmark og i nærleiken av utmark frå 15. april til 15. september.

Sjølv om det kan kome regn dei næraste dagane, er det slett ikkje sikkert at brannfaren går over med det første.

– Dette kan bli torebyger som treffer svært lokalt, seier Runar Kleppe og konstaterer at torevêr også utgjer ein risiko for brannar i terrenget.