GHK-herrane kan starte førebuingane til kvalifiseringsspel om opprykk til 2. divisjon. Her frå ein timeout i kampen mot Gneist sist helg.

Er avgjort

GHK sitt herrelag er klar for kvalifisering om opprykk. Det blei klart etter at Bjørnar slo Viking 2 i ein 2. divisjonskamp tysdag kveld.

Bjørnar sin siger fører nemleg til at Kjøkkelvik 1 miste sjansen til opprykk til 1. divisjon, og dermed blir verande i 2. divisjon. Dermed kan ikkje Kjøkkelvik 2 rykke opp frå 3. divisjon, og dei andre laga som kan passere GHK har reservert seg mot opprykk.

Møter botnlaget
Dermed blir dei fire siste kampane ei rein oppkøyring til kvalifiseringsspelet, som truleg blir mot lag nummer åtte i 2. divisjon.

Laurdag ventar BSI i Fantoft idrettshall. I det motsette oppgjeret før jul enda det 39-28 i GHK sin favør, så det bør vere håp om nye poeng laurdag ettermiddag.

Poeng bør det definitivt bli mot botnlaget Sotra 2 søndag. Strilane står utan poeng så langt, og kampen i Trivselshallen i november enda heile 42-14. Alt anna enn ein ny siger vil vere ein skrell, men om dei raudkledde ikkje viser større innsats enn i heimemøtet mot Gneist sist helg, kan det meste skje.

Minst eitt poeng i desse to kampane vil føre til at GHK også kan kalle seg seriemeister i 3. divisjon.

Les meir i papirutgåva fredag.