Elise Årdal skal jobbe i Firda Tidend i sommar.

Elise skal jobbe i FT i sommar

Elise Årdal er no på plass i Firda Tidend sin redaksjon, der ho skal jobbe i sommar.

Publisert

Elise kjem frå Refvik, nord for Måløy, men har budd på Sandane med sambuar sidan 2017.

Ho gjekk medielinja på Firda vgs, og tok medieutdanning i Volda. Elise har jobba i fleire lokalaviser kring Bergen, og har dei siste åra vore tilsett i Tibber i Førde og Convene på Sandane.

- Det blir spennande å møte mykje folk og få lage gode saker, smiler vår nye medarbeidar, klar for innsats i Gloppen og Jølster denne sommaren.


Powered by Labrador CMS