Elevar i vidaregåande må igjen ha legeerklæring for å vere borte frå undervisning. Fleire elevar meiner det matchar dårleg med oppmodinga om framleis å halde seg heime når ein er sjuk. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun/NTB/NPK.

Elevar er misnøgde med at fråværsgrensa er tilbake

Elevar i vidaregåande skule må igjen ha legeerklæring for å vere borte frå undervisning. Fleire elevar meiner det matchar dårleg med oppmodinga om framleis å halde seg heime når ein er sjuk.

– Vi kjem til å ha ein del tilfelle der elevar lurer på er dei sjuke nok til å bli heime eller friske nok til å gå på skulen. Det kjem til å skape usikkerheit og vi kjem til å sjå meir smitte blant elevar, seier Jade Hauan, som er nestleiar i elevrådet på Gjøvik vidaregåande, til NRK.

Rektor Bjørn Matsson, ved Gjøvik vidaregåande seier fråværsgrensa har fungert bra hos dei. Han seier det er heilt naturleg å få fråværsgrensa tilbake, når skuledrifta er tilbake til normalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ser at slik situasjonen er no, med framleis oppmoding om å vere heime når vi føler oss sjuke, kan det skape litt meir byråkrati for elevane. Men den har fungert. Vi ønsker den med oss vidare i framtida, seier Matsson til rikskringkastaren.

Fråværsgrensa seier at elevane ikkje kan vere borte meir ein 10 prosent i eitt fag utan sjukmelding. Grensa var noko Høgre og regjeringa innførte i 2016. Ifølgje partiet har det redusert fråvær i vidaregåande skule med 27 prosent. Dei ønsker å vidareføre regelen. Det er framleis usikkert om kommande regjering kjem til å gjere noko med fråværsgrensa.